Abonnements­vilkår

Vilkåra gjeld for bestilling og bruk av privatabonnement på Hordaland.
Dersom abonnenten teiknar eit komplett abonnement har ein tilgang til papiravisa, e-avisa og alt innhaldet i nettavisa. Abonnenten får også tilgang til det elektroniske arkivet vårt med aviser frå 1883 og fram til i dag. Abonnenten kan også teikna eit abonnement som berre omfattar våre digitale avisprodukt.

For å få tilgang til alt digitalt innhald frå Hordaland, må du registrera deg som digital bruker på Hordaland.no . Du gjer det ved å fylla inn dei personlege opplysningane dine, brukarnamn og passord. Gjennom Hordaland Mi side kan du administrera abonnementet ditt.

Abonnement

Abonnementet vert betalt forskotsvis og går til me mottek oppseiing. Ved slutten av ein abonnementsperiode vil abonnementet automatisk verta forlenga med ei lengd lik den førre. Abonnenten kan når som helst seia opp abonnementet med minst 14 dagars varsel.
Ved uteblitt betaling stoppar avisleveringa og den digitale tilgangen, og me fakturerer restrekning for levert periode. Du kan velja å stoppa papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller det digitale abonnementet ditt.
Angrerettlova gjeld.

Prisar

Sjå gjeldande prisar her
Levering av papiravisa i Noreg er inkludert i eit komplett abonnement.
For levering av papiravis til utlandet, vert det portotillegg etter Posten sine takstar.

Ynskjer du faktura i posten, kjem eit gebyr på kr 35,- pr faktura. Ved betaling med Avtalegiro, E-faktura eller kredittkort er det ingen gebyr til Hordaland. Oppretting av AvtaleGiro kan gjerast på Mi side (menyvalg "Abonnement") eller via banken din. Elektroniske trekk som ikkje vert betalte innan fristen, får betalingspåminning med eit fakturagebyr i posten.

Hordaland har rett til når som helst å endra prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjorde i avisa og på heimesida, seinast 14 dagar før iverksetjing. Dei nye prisane gjeld frå fastsett dato for alle typar abonnement.

Betaling

Du kan kjøpa abonnement eller digital tilgang til avisa på avisa-hordaland.no ved å bruka bankkort/kredittkort eller få tilsendt faktura. Ved kortbetaling vert kredittkortet/bankkortet du registrerer, automatisk trekt for ny periode til du seier opp abonnementet ditt hjå oss.

Hordaland brukar PayEx som betalingsløysing. PayEx støttar Verified by Visa-standarden. Les meir om PayEx på www.payex.no . Betalingssidene er sikra med SSL-sertifikat. Les meir på Let's Encrypt . Det betyr at du som kunde har ekstra sikkerheit ved betaling hjå Hordaland. Dersom innbetaling ikkje skjer, har Hordaland rett til å stengja tilgangen og stoppa avisleveringa med straksverknad.

Transaksjonen vert utført med:

Hordaland Bladdrift AS
Postboks 38, 5701 Voss
Tlf: 56530306
Foretaksreg: NO867027912
E-post: kundeservice@avisa-hordaland.no
http://www.avisa-hordaland.no
Bankkontonummer: 95810802821

Levering

I dei områda avisa vert levert med Schibsted Distribusjon, er avtalen å levera papiravisa innan kl 07.00 tysdag og torsdag og innan kl 08.00 laurdag. Der Kvikkas distribuerer på laurdagar, er fristen innan kl 17.00. For områda elles gjeld leveringstidene til Posten eller andre samarbeidspartnarar.

Ved uteblitt papiravis vil denne verta godskriven abonnenten om han melder frå snarast. Abonnenten kan alternativt få avisa etterlevert så snart dette er mogleg. Dersom abonnenten konstaterer at uteblitt avis ikkje er kreditert ved neste fakturering, må han kontakta oss for avrekning.

Den elektroniske utgåva er tilgjengelig frå kl 22.00 dagen før utgjeving. Enkelte sider kan med unntak avvika frå den trykte versjonen. Temabilag vil berre vera tilgjengelege dersom dei er utgjevne av Hordaland. Innstikk med andre utgjevarar vil såleis ikkje vera tilgjengelege.

Dersom levering vert hindra av langvarige tekniske problem, streikar, lockout eller force majeure av meir enn to dagars lengd, vert dette godtgjort med tilsvarande forlenging av abonnementet. Dersom årsaka til manglande tilgang er knytt til brukaren sin eigen internettilgang eller problem med brukaren sitt datautstyr/software, vert det ikkje gjeve godtgjering.

I feriar tilbyr me gratis flytting av avisa til leveringsstad i Noreg. Papiravisa kan omadresserast i inntil 4 veker, eller me kan oppbevara avisene hjå Hordaland.

Mi Side

På Hordaland si nettside kan du logga deg inn på Mi Side for å administrera abonnementet ditt. For å kunna bruka Mi Side, må du logga deg inn med brukarnamn og passord.

Her kan du:

  • Omadressera avisa, fast -eller mellombels dersom du skal på ferie
  • Mellombels stoppa leveringa av papiravisa
  • Sjå betalingsopplysningane dine
  • Endra betalingsmåte og oppdatera kredittkortopplysningar
  • Oppretta Avtalegiro
  • Senda oss ein epost

Brukartilgang

Den juridiske eigaren av abonnementet er den som har teikna det.
Brukarnamn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin husstand og opphaldsadresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på annan måte misbrukar Hordaland sine tenester, har me rett til straks å stengja abonnenten sin tilgang til desse tenestene og stoppa avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling. Når den juridiske eigaren av eit abonnement er ei verksemd/ein bedrift vert abonnementet knytt til ein (1) digital brukar, og det digitale produktet kan berre nyttast av den personen som har registrert brukarnamn og passord.

Rettigheiter

Som abonnent av Hordaland har du tilgang til alt materiale, dvs. tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkel kopi av materialet berre til ditt eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbruk er ikkje tillate.

Personopplysningar og cookies

Informasjon om hvordan cookies brukes på norske nettsteder. Sida er oppretta av Mediebedriftenes Landsforening.

Endring av vilkår

Abonnementsvilkåra kan verta endra, og dei gjeldande vilkåra er oppdaterte her

Aksept av vilkår

Ved godkjenning av vilkåra, gjev du oss samstundes løyve til å kommunisera med deg per epost og mobiltelefon.